velkommen til Davik gard

04 januar 2012


Heisann  Da er det jammen blitt 2012!

2011 gikk veldig fort, og det har skjedd mykje spennande i mitt liv. Eg har fått oppleve eit år med mange høgdepunkt. Friske, flinke barn! eit vakkert føll og på nytt drektig Caroline. Fått komme til Spania i 14 dagar !!
og vore 5 mnd på Starum og gått trinn 3!!

Det var med blanda følelser eg reiste frå familien med to hester og reiste til Toten i august. Det er lenge å vere borte frå hus og heim... Men eg hadde sikra meg med at Janne Hetle skulle lage mat til Eivind og ungane, så dei ikkje skulle svelte denne hausten. Og etter rapportane å dømme har det gått i baking og masse god mat heile hausten. Og så har eg ei fantastisk svigermor som har stilt opp og vaska klede, så dei skulle sjå nokonlunde normale ut :)

Men eg har hatt ein flott haust med masse riding både dressur og sprang. Fått mange nye venner som gikk på trinn 1, 3 og travtrenerutdanninga. Det har vore veldig kjekt å få undervisning i sprang og dressur kvar dag, og eg har lært mykje. så har eg også oppdatert meg på undervisning, og føler eg har klatra eit hakk eller to der også. 

No har eg hatt ei fin jul, og er klar for eit nytt arbeidsår.
Det første halvåret skal eg vere heime, og litt på jobb på skulen.

Kvar onsdag skal eg undervise på Emblem. Det gler eg meg til. Eg har ledig tid til å undervise på torsdag også, det er berre å ta kontakt om de vil lage eit opplegg ein plass. Eg kan også ha kurs i helger. Det samme gjelder: ta kontakt:)

Her på garden skal vi ha Køyrekurs med Wenche Johannesen. Det er nokre ledige plasser, og om de vil ha meir info, kan de ringe til Eivind  på 91181077.

Eg kan ta imot ryttere til trening utanom kursa vi held. Om det er interesse er vi ledige i i helga i veke 2 og 6 i veke 7 og 8 skal vi lage til kurs her, og i vinterferien lagar vi eit 4 dagars kurs. Meir info kjem seinare i veka.

I mars tek vi ein tur til Herning. Det er alltid kjekt!

Så kjem det ei retting. Vi skal ha Wenche kurs her helga 16 -18 mars, ikkje første helga som eg har skreve tidligare. 

Litt om våren. skal lage oppsett på kvar enkelt kurs :)


 

Skriv en kommentar: (Klikk her)

123hjemmeside.no
Antall tegn tilbake: 160
OK Sender...

Therese | Svar 26.01.2012 15.02

Ja det blir det :)
uke 26 -27 -28

Katrine | Svar 16.01.2012 18.57

Blir det treningsleir til sommeren ? :))

Sandra Gjersvoll | Svar 10.01.2012 23.41

Godt jobba, kjempeflott :)

Håkon O. | Svar 18.04.2010 11.56

Gultaggen 2010! definitivt ;D

Se alle kommentarer

| Svar

Nyeste kommentarer

26.01 | 15:02

Ja det blir det :)
uke 26 -27 -28

...
16.01 | 18:57

Blir det treningsleir til sommeren ? :))

...
12.01 | 14:46

Glede mei kjempe masse ! : D

...
10.01 | 23:41

Godt jobba, kjempeflott :)

...
Du liker denne siden
Hei!
Prøv å lage din egen hjemmeside som jeg.
Det er enkelt, og du kan prøve det helt gratis.
ANNONSE